Oppsving i elvefisket i Møre og Romsdal i 2022
Laksefisket tok seg opp i fleire av elvane i fylket i 2022. Det vart rapportert inn samla fangst av laks på 37,5 tonn. Dette er 16 tonn meir enn det svake året i 2021.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sjølaksefisket var stengt i heile Møre og Romsdal i 2022, med unntak av Sunndals- og Tingvollfjorden. Her vart det fiska 4,3 tonn laks.
Flest laks fiska i Bondalselva
Ein nedbørrik sommar gav godt fiske i ein del flaumelver, særleg på Sunnmøre. Flest laks vart fiska i Bondalselva med 1035 laks, med Rauma som nummer to med 837 laks og Surna med 812 laks. Åheimselva hadde truleg den historisk sett beste fangsten med 772 laks og enda fleire gytelaks. I vekt var Rauma på topp med 4,5 tonn, fylgt av Surna med 4 tonn og Driva på 3,6 tonn. Osenvassdraget hadde også ein god sesong med 1,7 tonn laks. Klart flest laks vart gjenutsett i Rauma med 704 laks.
Låg fangst av sjøaure
Sjøaurefangsten i fylket kom på 3,2 tonn mot 2,8 tonn i 2021, og er framleis på eit lågt nivå. Det vart avliva 1,8 tonn og gjenutsett 1,4 tonn. Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst med 481 kilo, fylgt av Driva med 398 kilo (alt gjenutsett) og Surna med 220 kilo.
I 2022 var 69 elver i fylket opne for fiske etter laks og/eller sjøaure. Alle leverte fangstrapport (www.fangstrapp.no). Fangststatistikk i kombinasjon med registreringar av gytebestand gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag, og gode føringar for vidare forvaltning.
Fangst i vassdraga i 2022 (kilo)
LAKS:
Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2022. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.
1. |
Rauma, Rauma: |
4502 (745/3757) |
2. |
Surna, Surnadal: |
4035 (3280/755) |
3. |
Driva, Sunndal: |
3654 (3601/53) |
4. |
Bondalselva, Ørsta: |
3147 (3147/0) |
5. |
Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde: |
2093 (920/1173) |
6. |
Åheimselva, Vanylven: |
1781 (1751/30) |
7. |
Osenvassdraget, Molde: |
1728 (1686/42) |
8. |
Korsbrekkeelva, Stranda: |
1682 (1682/0) |
9. |
Stordalselva, Fjord |
1614 (1570/44) |
10. |
Strandaelva, Stranda: |
1470 (1470/0) |
SJØAURE:
Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av sjøaure (avliva + utsett) i 2022. Tala viser totalt kilo sjøaure, og tala i parentes tal i kilo avliva sjøaure/tal i kilo utsett sjøaure.
1. |
Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde: |
481 (293/188) |
2. |
Driva, Sunndal: |
398 (0/398) |
3. |
Surna, Surnadal: |
220 (17/203) |
4 |
Nåsvassdraget, Hustadvika: |
208 (167/41) |
5. |
Vatneelva, Ålesund |
205 (205/0) |
6. |
Søya, Surnadal: |
180 (160/20) |
7. |
Oselva, Vanylven |
157 (157/0) |
8. |
Brusdalsvassdraget, Ålesund: |
124 (124/0) |
9. |
Hustadelva, Hustadvika: |
113 (58/55) |
10. |
Rauma, Rauma: |
106 (0/106) |
Fangst i vassdraga i 2022 (tal fisk)
LAKS: Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2022. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks
SJØAURE:. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av tal sjøaure i 2022. Tal i parentes viser tal avliva sjøaure/tal gjenutsett sjøaure.
|
Kontaktpersoner
-
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29