Pukkellaks registrert i fylket
Dei siste dagane er det fiska nokre få pukkellaks i Driva, på Eide i Hustadvika og Oselva i Syvde, og den vil sannsynlegvis dukke opp fleire stader. Husk å registrere fangst av pukkellaks både i elv og sjø.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Pukkellaksen er ein uønska art i Norge. Den førekjem naturleg i Stillehavet, men har spreia seg til Norge etter utsettingar på Kolahalvøya i Russland på 1960-talet. Fangstane av pukkellaks har auka kraftig dei siste åra, særleg i Finnmark og Troms. Arten ser ut til å utvide leveområdet sørover i Norge. Artsdatabanken har vurdert at pukkellaksen har stort invasjonspotensiale og usikker økologisk effekt.
Pukkellaks har toårig livssyklus og døyr etter gyting. Den førekjem som regel i oddetalsår og er no på veg opp til elvane for å gyte. Pukkellaksen startar gytinga allereie rundt midten av august og det er difor ønskjeleg med uttak før dette.
Sportsfiskarar som får pukkellaks i elv skal avlive fisken og rapportere den i same system som ved fangst av laks og sjøaure. Det er i tillegg ønskjeleg at det blir teke skjelprøve av fisken.
Får du pukkellaks på stang eller handsnøre i sjø rapporterer du her: stangfiskesjo.miljodirektoratet.no
I ein del godt organiserte elver gir Statsforvaltaren løyve til ekstraordinære tiltak. Fangst på ekstraordinære tiltak blir rapportert via ein mobilapplikasjon av registreringsansvarlig i elva.
Du kan følgje uttaket i norske elver på denne sida: Pukkellaks-uttak - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Kontaktpersoner
-
Geir Moen
Tlf: 71 25 84 71 / 97 19 98 29