Endring i løyve til mellomlagring av avfall for Vakumentreprenøren AS i Kristiansund
Fylkesmannen har 31.01.18 gjort endringar i vilkår i løyvet til Vakumentreprenøren AS i Sødalen i Kristiansund kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 05.02.2018
Løyvet gjeld mellomlagring av avfall som ikkje er farleg avfall. Endringane gjeld auke i lagra mengde matolje og matfeitt i tillegg til at det kan lagrast fiskeensilasje. Krav om journalføring og årleg rapportering er tatt inn i løyvet.
Vedtaket og det endra løyvet kan lesast via lenka til høgre.