Kristiansund – utfylling ved Sørholmen
Fylkesmannen endrar løyvet til Jemar Utvikling AS til utfylling i sjø ved Sørsundet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Opphavleg fekk tiltakshavar løyve til å fylle ut med 70 000 m3 med massar over eit større område. Dette tiltaket skal ikkje lenger realiserast. I staden skal det no fyllast ut med berre om lag 17 000 m3 i eit mindre område på nordsida av sundet. Før utlegging av steinmassar, skal sjøbotnen dekkast til med eit lag med sand for å hindre oppvirvling av forureina sediment. Løyvet er gyldig til 31.12.2018.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.