Løyve til drift av asfaltverk etter forureiningslova på Husøya
Fylkesmannen gjev Veidekke Industri AS særskilt løyve etter forureiningslova. Det er satt vilkår i forhold til kjøring inn og ut til Husøya som skal vere gjeldande fram til tilkomstvegen er ferdig utbedra. Det er og satt vilkår i forhold til Fugløya naturreservat.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Forureiningsforskrifta kap. 24 regulerer forureining frå asfaltverk. Verksemder som er plassert nærare enn 300 meter frå nærmaste naturområde eller bustadar må likevel ha eit særskilt løyve. Fylkesmannen har venta på at reguleringsplanen for tilkomstvegen skal verte vedtatt, men har no funne at det ikkje er forsvarleg å vente lengere.
Vedtaket med grunngjeving og det midlertidige løyvet kan lastast ned under «Dokument» til høgre på sida.