Løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall i Vestnes
Vestnes Renovasjon AS fekk den 08.03.2017 nytt løyve etter forureiningslova til mottak og mellomlagring av farleg avfall på verksemdas område i Øveråslia i Vestnes kommune. Løyve gjeld eit årleg mottak av inntil 240 tonn farleg avfall.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 10.03.2017
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde. Sjå relaterte dokument til høgre på sida. Innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.