Løyve til tiltak i sjø i Aure
Fylkesmannen gjev SalMar Settefisk AS løyve til mudring, dumping og utfylling ved Kjørsvikbugen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 02.10.2017
Det skal mudrast om lag 28 000 m3 sediment ved verksemdas anlegg innerst i bukta. Massane skal så dumpast i sjøen nordaust for bukta.
Etter mudringa skal det fyllast ut over eit areal på 7 300 m2 ved anlegget for å auke næringsarealet.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet ble gitt. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE.
Sjå relaterte dokument til høgre på denne sida.