Løyve til utfylling i Åndalsnes

Fylkesmannen gjev Elementpartner AS løyve til utfylling med massar ved Øran Vest i Rauma kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.11.2016

Dei får løyve til utfylling med om lag 10 000 m3 med massar over eit areal på om lag 1000 m2 ved eigedomen med gnr. 27 bnr. 717. Tiltaket skal startast opp i starten av desember 2016 og er venta å vere ferdigstilt innan mars 2017. Sjøbotnen i tiltaksområdet er stadvis forureina med PAH-forbindingar og PCB. Løyvet er gyldig til 15.05.2017.

Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet vart gitt. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.