Løyve til utfylling
Molde kommune får løyve etter forureiningslova til utfylling over forureina sjøbotn ved Sjøfronten 3.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 06.02.2018
Det skal fyllast ut med om lag 45 300 m3 med reine masser i eit område på ca. 7 700 m2. Sjøbotnen i det meste av tiltaksområdet skal dekkast til med eit sandlag før utlegging av sprengstein for å unngå at det blir virvla opp og spreia forureina sediment. Tiltaka skal utførast i 2018-19.
Du finn vedtaksbrev med løyve via lenkja til høgre på sida.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.