Løyve til utfylling ved Husøya
Husøya Næringspark AS får løyve etter forureiningslova til utfylling i sjøen i nordvest på Husøya i Kristiansund kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 18.09.2017
Sjøfyllinga skal bli fundament for eit nytt kaianlegg. Det skal fyllast ut med om lag 460 000 lm3 sprengstein over eit areal på om lag 29 000 m2. Det skal gjerast avbøtande tiltak under arbeidet for å unngå uheldig påverknad på natur- og næringsverdiar og spreiing av partiklar. Løyvet er gyldig til 31.12.2019.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker etter at løyvet ble gitt. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 MOLDE. Sjå relaterte dokument til høgre på sida.