Elementpartner AS får løyve til utfylling ved Åndalsnes
Dei skal fylle ut ved eigedomen 27/717 i Rauma kommune for å utvide industriområdet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 22.09.2020
Eit areal på opp til 3 500 m2 kan fyllast ut. I tillegg til sprengstein, skal det nyttast betongelement i utfyllinga. Tiltaket vil ta nokre år å gjennomføre, men er venta å vere ferdigstilt i 2025. Løyvet er ei forlenging av eit tidlegare løyve til utfylling i området.
Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kontaktpersoner
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74