Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til mudring i Leksdalsvatnet i Verdal kommune
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har som settefylkesmann handsama ein søknad frå Fylkesmannen i Trøndelag om skjøtseltiltak i Lyngås-Lysgård fuglefredingsområde som omfattar mudring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til å mudre for å opne vasspegel i område tilgrodd med vassvegetasjon. Totalt skal det takast opp om lag 1 500 m3 massar, og massane skal nyttast i det same området for å etablere små øyer som skal betre hekketilhøva for fugl. Tiltaka er planlagt utført med amfibie-gravemaskin i august 2020.
Løyvet vart gitt av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som var oppnemd som settefylkesmann i saka.
Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.
Kontaktpersoner
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74