Hofseth Aqua AS får endring av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 02.07.2020 endra mellombels løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.07.2020

Løyvet gjeld eit flytande oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure på lokaliteten 37797 Skjortneset II i Fjord kommune.

Det vart søkt om endring i maksimalt tillat biomasse (MTB) frå 3120 tonn til 3900 tonn. Løyvet er mellombels og er enno gyldig til 01.10.2023.

Hofseth Aqua AS jobbar med å endre plasseringane av anlegga sine i Storfjorden, for å betre område- og miljøbelastning, smitteforebygging, fiskehelse og dyrevelferd. Hofseth Aqua planlegg å avvikle tre av anlegga sine, slik at total MTB i Storfjorden ikkje aukar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har opplyst om at Hofseth Aqua har sendt inn melding om å trekke tre lokalitetar. Om det vert gitt løyve til endring på 37797 Skjortneset II vil 23695 Skotungneset trekkast inn hausten 2022. For at omstruktureringa skal la seg utføre i praksis vil lokalitetane trekkast inn etter at fisken som står der no er ferdig produsert.

Vedtak med løyve kan lesast via lenka som ligg under relaterte dokument på høgre del av denne sida.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter