Løyve til tiltak ved hurtigbåtkaia på Edøya
Statens vegvesen får løyve til mudring og utfylling i sjø i Smøla kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 23.11.2018
Hurtigbåtkaia skal moderniserast, og i den samanhengen skal det mudrast om lag 2 500 kubikkmeter. Det skal også lagast eit nytt moloutstikk på sørsida av hamna. Tiltaka har planlagt oppstart hausten 2018 og ventast å vere ferdige våren 2019.
Vedtak med løyve finn du ved å følgje lenkja til høgre på denne sida.
Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.
Kontaktpersoner
-
Thomas Aurdal
Tlf: 71 25 84 67 / 41 51 28 74