Utsleppsløyve til Lerøy Midt AS i Ålesund kommune
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har etter søknad gjeve Lerøy Midt AS utsleppsløyve til å auke produksjon av laksefisk på lokalitet Kjerstad i Ålesund kommune
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 06.10.2023
Løyvet gjeld for auka produksjon av laks, aure og regnbogeaure i frå 3120 tonn til 6240 tonn maksimal tillate ståande biomasse (MTB).
Vedtak og løyve kan lesast via lenkjene til høgre på denne sida.
Klage eller kommentarar til vedtaket kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404, eller til sfmrpost@statsforvalteren.no, innan tre veker etter kunngjeringa.