Vedtak om løyve etter forureiningslova til biogassanlegg
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gjev Nesset Biogass AS løyve til mottak og handsaming av husdyrgjødsel, ensilert fisk, fiskeslam, glyserol og soapstock (biprodukt frå utvinning av oljer) i Molde kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 22.03.2023
Det skal årleg produserast biogass av 34 400 tonn biomasse. Bioresten skal nyttast som gjødsel på jordbruksareal.
Vi ber om at eventuelle merknadar sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller sfmrpost@statsforvalteren.no innan 12. april.