Sjekk kor fuglane skal få hekke i fred
På Miljødirektoratet sine digitale kart kan du enkelt sjå kor du ikkje kan opphalde deg medan fuglane hekkar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Alle som er på tur ute i naturen, både på land, på sjøen og i lufta, kan ta omsyn til fuglelivet på ein trygg og enkel måte. Sjekk kartet, så får du oversikt over kva for område du skal styre unna, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet på eigen nettstad.
Les saka og finn ditt turområde i kartet hos miljødirektoratet.no her …
Opne kartet direkte i naturbase ...
Sårbar tid
Våren er ei travel og sårbar tid for dyr og fuglar, samstundes som vi menneske gjerne søker ut i naturen.
– Våren er hekketid for fuglar. Det er no fuglane kurtiserer, byggjer reir, legg egg, rugar, beskyttar og matar ungane etter klekking. Om fuglane vert forstyrra, kan egg bli tatt og ungar bli forlatne, seier Hambro.
Talet på sjøfugl har hatt ein dramatisk nedgang dei siste åra. Ein av fire sjøfuglar i Europa hekkar i Noreg, og for at dei skal få ro og fred til å hekke, er det ikkje lov å ferdast på stader der dei er mest sårbare.
Så godt som alle ferdselsforbod er i verneområde. Det er desse som kjem fram i kartet. Dei fleste forboda startar 15. april.
Intensiverer oppsyn
Verneområde med ferdselsforbod er merka med skilt. Tavler med informasjon om verneverdiar og reglar for ferdsel finst og nokre plassar.
Statens naturoppsyn (SNO) gjer hyppige kontrollar med ferdselsforboda, frå Hvaler i søraust til Kirkenes i nordaust. Spesielt er dei aktive i nærleiken av tettbygde stader og populære utfartsområde. Her kan det vere du ser SNO-uniforma i tida som kjem.
Stort digitalt prosjekt
Statsforvaltarane i Noreg har vore involvert i å utvikle og kvalitetssikre kartet over verneområda. Alle data i kartet vert publisert gjennom opne karttenester. Etter kvart vil ein kunne finne kartet i fleire kartverktøy.
Kontaktpersoner
-
Marita Fjelle
Tlf: 71 25 84 61 -
Bjarne Otnes
Tlf: 71 25 85 75