Urban Gartneren AS vinner Klimasnuprisen
– Ei løysing for framtida, seier juryen om Urban Gartneren sin måte å dyrke på. Blant tre gode nominerte til Klimasnuprisen var det alternativ dyrking av salat og mikrogrønt som vann.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Hos Urban Gartneren AS i Molde vert salat og mikrogrønt produsert med optimal vann- og arealutnytting i kort avstand til forbrukarane. Produksjonen skjer inne, og er uavhengig av vêr og klima.
– Teknologien her er ikkje heilt ny, men ny for ein by i Møre og Romsdal. Metoden kan bli ei viktig løysing for matproduksjonen i framtida. Fleire bør ta denne teknologien i bruk, meiner juryformann og statsforvaltar, Else-May Norderhus.
– Det er en stor ære for meg å få klimasnuprisen, sier Tugushan Alp fra Urbant Gartneri AS.
Les meir om Urban Gartneren AS her …
Alle er vinnarar
For å motivere til klimaomstilling i Møre og Romsdal, deler Statsforvaltaren årleg ut KLIMASNUprisen.
Det var statsforvaltar Else May-Norderhus som delte ut prisen til Tugushan Alp og Urbant Gartneri AS i dag. Alle dei tre nominerte vart kalla opp på scena.
– For meg er de alle tre vinnarar. Eg har vore og besøkt dykk og har latt meg fascinere av kva de har vore med å skapa. Det krev mot, vilje og engasjement, saman med ei sterk tru på at det du gjer er viktig og kan være med å forandre!
Les meir om Sæbø barnehage og skule som vert bygd i massivtre her …
Pengar og kunst
Urban Gartneren AS mottar ein premiesum på 10 000 kr, og eit kunstverk laga av barn ved Molde kulturskole. Kunsten er laga av råmateriale frå naturen, og gjenbruk av anna materiale.
Lenker
Juryen
Juryen for Klimasnuprisen i 2021 har vært Kristine Valderhaug Sæter (frå Framtids labben), Hilde Nauste Myhre (KS), Lisbeth Rød (LO), Elin Ous (NHO) og Gyda Wågbø (ungdomspanelet) og statsforvalter Else-May Norderhus (formann).