Vil du rydde ytre kyst i Møre og Romsdal
Aktørar som vil ta jobben med å rydde den ytre kystlinja i Møre og Romsdal kan no søke om å få oppdrag. Søknadsfristen er 28. mai 2021.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Innan utgangen av 2023 skal 40 prosent av den ytre kysten i Møre og Romsdal ryddast for marint avfall. No er utlysinga for ryddejobben ute, med søknadsfrist 28. mai 2021 kl 16.
Ytre Kystlinje i Møre og Romsdal ligg eksponert til for uvær og bølger frå Norskehavet. Derfor samlar det seg store mengder med marin forsøpling her, med både lokalt, nasjonalt og internasjonalt opphav. Det har dei siste åra vore stor innsats frå frivillige som ryddar avfall her. Ikkje alt avfall lar seg rydde av frivilligheita, og Handelens Miljøfond har satt i gong Rydd Norge-programmet som eit supplement til frivilligheita.
Nå leitar Rydd Norge Møre og Romsdal og Handelens Miljøfond etter aktørar som kan rydde Mørekysten. Alle verksemder som er registrert i Brønnøysundsregisteret kan søke.
For meir informasjon om utlysinga og søknadsprosessen sjå gå inn på: Søk ryddeoppdrag - HMF (handelensmiljofond.no)
Kontaktpersoner
-
Anne Melbø
Tlf: 71 25 85 15 / 97 70 45 91