Politikarane sitt handlingsrom etter plan- og bygningslova
Statsforvaltaren har halde innlegg om det politiske handlingsrommet etter plan- og bygningslova i Herøy og Ørsta kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den 1. mars i år var Statsforvaltaren på besøk hjå Samfunnsutvalet i Herøy kommune. Vi var invitert dit for å snakke om temaet "Politikarane sitt handlingsrom etter plan- og bygningslova". Etter ønskje frå kommunen hadde vi eit særskilt fokus på dispensasjonar. Vi snakka også om strandsone- og jordvern, som er to viktige sektorinteresser for Statsforvaltaren.
Innlegget blei tatt godt imot og vi hadde ein fin dialog med tilsette i administrasjonen og utvalsmedlemma.
Vi har tidlegare halde det same innlegget for Samfunnsutvalet i Ørsta kommune.