Statsforvaltaren opphevar avslag på Kystverket sin ferdigattest i Gjerdsvika
Sande kommune hadde ikkje rettsleg grunnlag til å avslå Kystverket sin søknad om ferdigattest i Gjerdsvika fiskerihamn.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Løyve til utdjuping av fiskerihamna
Sande kommune har gitt løyve til at Kystverket kan utdjupe innseglinga og hamnebassenget i Gjerdsvika fiskerihamn. Løyvet inneber også at massar frå utdjupinga kan plasserast i to landdeponi i hamneområdet.
Ferdigattest etter utført arbeid
Kystverket søkte kommunen om ferdigattest då arbeidet var utført. Ein ferdigattest inneber ei avslutning av byggesaka i form av at utbyggjaren har dokumentert at arbeidet er utført i samsvar med løyvet og føresegnene i plan- og bygningslova.
Kommunen må handsame saka på nytt
Sande kommune avslo søknaden fordi dei meinte landdeponiet ikkje var etablert i samsvar med gitt løyve.
Statsforvaltaren har vurdert kva kommunen har gitt løyve til i Gjerdsvika, og om kommunen hadde stilt vilkår om landdeponia i hamneområdet skulle ha ei viss høgd.
Statsforvaltaren konkluderer med at arbeidet var utført i samsvar med lova og gitt løyve. Kommunen hadde ikkje rettsleg grunnlag til å avslå Kystverket sin søknad. Kommunens vedtak er oppheva og saka sendt tilbake til kommunen for ny handsaming.