Samfunnstryggleik i arealplanlegging
Samfunnstryggleik skal vere ein premiss i all planlegging etter plan- og bygningslova.
Plan- og bygningslova set krav til at utbyggingsplanar tar omsyn til risiko og sårbarheit som kan true liv, helse, miljø, viktig infrastruktur og materielle verdiar. Medvit om risiko og sårbarheit tidleg i planprosessen er naudsynt for å kunne førebygge uønska hendingar. Ein risiko- og sårbarheitsanalyse må derfor ligge til grunn for all arealplanlegging. Plan- og bygningslova har desse verkemidla for å ivareta samfunnstryggleik i planlegginga:
- Arealføremål
- Omsynssoner
- Generelle føresegner
Kapittel sju i byggteknisk forskrift (TEK17), og rettleiaren til denne, omhandlar tryggleikskrav ved plassering av byggverk i flaum- og skredfarlege område og unntaksvilkår for flodbølgje som skuldast fjellskred.
Statsforvaltaren har eit generelt ansvar på samfunnstryggleiksområdet, og arbeider for at kommunane følgjer opp samfunnstryggleik i planlegginga. For å sikre dette har Statsforvaltaren moglegheit til å fremje motsegn til planar etter plan- og bygningslova.
Kontaktpersoner
-
Stine Sætre
Tlf: 71 25 84 85 / 95 22 44 19 -
Renate Frøyen
Tlf: 71 25 84 15 / 47 60 59 47 -
Trygve Winter-Hjelm
Tlf: 71 25 85 98