Har du alt du treng for å klare deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?
Målet med Eigenberedskapsveka 2019, som varer frå 28. oktober til 3. november, er å auke folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 28.10.2019
Styresmaktene tilrår at alle husstandar i Noreg tek nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) har utarbeidd konkrete råd som du kan lese på sikkehverdag.no. Her finn du blant anna forslag til eit beredskapslager for å klare seg heime i minst tre døgn (72 timar).
Dette gjer Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- Vi har tilbydd alle kommunane og fylkesberedskapsrådet rollupar med tema: «Du er ein del av eigenberedskapen i Noreg», som dei kan nytte til informasjon og aktivitetar omkring eigenberedskapsveka.
- Vi har eit samarbeid med Møre og Romsdal Sivilforsvarsdistrikt, Molde kommune og frivillige organisasjonar om ein stand på Rådhusplassen i Molde måndag 28. oktober med oppstart kl. 10:00.
- Vi har og ein informasjonsstand i foajeen på Fylkeshuset denne veka.