Kommunal beredskap

CIM

Kommunane har eit generelt og grunnleggande ansvar for å ivareta tryggleiken til eigne innbyggjarar og andre som oppheld seg i kommunen. Alle uønska hendingar skjer i ein kommune, og kommunane har ei vesentleg rolle i alt beredskapsarbeid.


Kommunal beredskapsplikt

Kommunane sitt generelle ansvar for samfunnstryggleik og beredskap er fastsett i sivilbeskyttelseslova §§ 14 og 15. Lovreglane blir utfylte av forskrift om kommunal beredskapsplikt og sektorlovgjevinga.

Risiko- og sårbarheitsanalyse
Ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse skal ligge til grunn for kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Analysen skal kartlegge, systematisere og vurdere sannsynet for uønska hendingar som kan skje i kommunen og vurdere korleis desse hendingane kan påverke kommunen (konsekvensar). Nærare reglar om prosess og innhald er gitt i forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2.

Heilskapleg og systematisk arbeid
Med utgangspunkt i den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen skal kommunen utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og plan for oppfølging av arbeidet med samfunnstrygglik og beredskap. I denne samanhengen skal kommunen også vurdere om det er forhold som bør integrerast i planar og prosessar etter plan- og bygningslova. Reglar om dette er gitt i forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3.

Beredskapsplan
Med utgangspunkt i den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen skal kommunen også utarbeide ein overordna beredskapsplan. Denne beredskapsplanen skal vere samordna med andre relevante krise- og beredskapsplanar. Nærare reglar om prosess og innhald er gitt i forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.