Angrepet på Ukraina

Statsforvaltaren følgjer situasjonen i Ukraina. Vi har onsdag 2. mars hatt møte med alle kommunane og medlemmane i Fylkesberedskapsrådet i Møre og Romsdal for å informere om den ustabile tryggleikssituasjonen i Europa. I møtet deltok representantar frå Forsvaret, Politi, Nasjonal tryggingsmynde og Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2022

Normalsituasjon innanriks i Noreg

Angrepet på Ukraina har ikkje endra trugselsituasjonen innanriks i Noreg. Informasjon og svar på spørsmål om Ukraina finn de på regjeringa.no.

Nasjonale mynde oppmodar folk, organisasjonar og verksemder om å vere årvakne og varsle dersom ein opplev avvik frå normalen. Dette gjeld uavhengig av situasjonen i Ukraina. Les meir på sidene til Politiet/PST og Nasjonal tryggingsmynde (NSM).

Hos PST og NSM finn de opne trugsel- og risikovurderingar som kan lesast av alle. Alle organisasjonar og verksemder bør kjenne til desse vurderingane for å jobbe førebyggande med samfunnstryggleik.

Atomtryggleik og beredskap

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjer situasjonen og vurderer kva som kan skje innanfor atom- og strålingsområdet. Fortløpande vurdering om atomtryggleik og -beredskap kan de lese på dsa.no.

Jodtablettar

Mange lurer på om dei treng å ta jodtablettar som følgje av situasjonen i Ukraina. På grunn av den store geografiske avstanden er det svært lite sannsynleg at det blir naudsynt å ta jodtablettar i Noreg. Uavhengig av situasjonen i Ukraina tilrår DSA alle under 40 år å ha jodtablettar lagra i heimen. Hovudgrunnen er at atomubåtar og atomisbrytarar jamleg seglar langs norskekysten. Les meir om jodtablettar her.

Korleis snakke med barn og unge om krig

Utdanningsdirektoratet gjev råd om korleis de kan snakke med barn og unge om vanskelege hendingar. Vaksne bør skape eit trygt klima der barn kan stille spørsmål og uttrykke kjensler.

Eigenberedskap

sikker kvardag finn du informasjon om kva nasjonale mynde meiner du bør ha heime for å klare deg sjølv i minst tre døgn. Eigenberedskap gjeld uavhengig av situasjonen i Ukraina.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.