Test av Naudvarsel onsdag 14. juni kl. 1200
Onsdag 14. juni klokka 12 vert det gjennomført ein nasjonal varslingsprøve over heile Noreg. Politiet sender ut test av Naudvarsel på mobil, og Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Sprei bodskapet om testen
Ein so omfattande varslingsprøve vil høyrast godt, spesielt der mange menneske er samla samtidig. Mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal. Samtidig ular tyfonane. Vi ynskjer derfor at du deler informasjonen om varslingsprøva med dine næraste. Slik bidreg du til at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.
Kven får testen?
Testen går til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Noreg og er kopla på 4G/5G. Nokre nettbrett og smartklokker kan òg vise naudvarsel. For å få varselet må du ha ein oppdatert telefon.
Testen er naudsynt for å sikre at systemet fungerer
Naudvarsel på mobil vert testa i heile landet for å gjere folk kjent med korleis det opplevast å få eit Naudvarsel, og for å sikre at systemet fungerer.
I ein reell situasjon inneheld varselet informasjon kva som skjer, og kva du bør gjere for å verne deg sjølv.
Les meir om Naudvarsel på www.nodvarsel.no.