Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket - del 2
- Søknadsfrist:
- 15. oktober 2019 23:59
- Målgruppe:
- Føretak med husdyr- og planteproduksjon
- Ansvarlig:
- Kommunen
- Hvem kan søke:
- Registrerte føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon
Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan sende inn Del 2 av søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot for 2018 frå og med teljedatoen, som er 1. oktober 2019. Søknadsfrist 15. oktober. Det er umogleg å levere etter fristen, uten at du har fått innvilga dispensasjon.
Kva du kan søkje om i del 2
- Tilskot for husdyr
- Driftstilskot mjølkeproduksjon
- Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
- Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
- Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
- Tilskot for dyr på beite
- Areal- og kulturlandskapstilskot
- Tilskot til økologisk jordbruk
- Tilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker
- Tilskot til avløysing ved ferie og fritid
Føretak som har sendt inn søknaden, kan endre den i inntil 14 dagar etter fristen.
Tilskot til ferie og fritid
Om du ikkje har hatt utgifter til avløysing før søknaden vert sendt, men kjem til å få det i slutten av året, er det avgjerande at du kryssar av for å søkje avløysartilskot no. Utgifter til avløysing kan etterregistrerast i søknaden innan 10. januar, såframt det vart kryssa av for å søkje om avløysartilskot i ved innsending av søknad innan søknadsfristen.
Føretaket må kunne dokumentere utgifter til avløysing. .
Om produksjonstilskot
Føremålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk innanfor dei målsettingar som Stortinget har trekt opp.
Produksjonstilskot i jordbruket er eit samlebegrep for ei rekke tilskot til både areal- og husdyrproduksjon, dessutan tilskot til avløysing ved ferie og fritid.
Utbetaling vil skje i februar 2020.
- Søknadsfrist:
- 15. oktober 2019 23:59
- Målgruppe:
- Føretak med husdyr- og planteproduksjon
- Ansvarlig:
- Kommunen
- Hvem kan søke:
- Registrerte føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon