Tilskot til fylkesvise klima- og miljøtiltak
- Søknadsfrist:
- 15. mai 2021 23:59
- Målgruppe:
- Landbruksrådgivinga, Fag- eller næringsorganisasjoner, Andre kompetanse- og forskningsmiljø
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått fylkesvis tildeling innafor Klima- og miljøprogrammet i jordbruket. Ramma i 2021 er på kr 300 000.
Fyll ut søknad i Altinn med innlogging via ID-porten.
Formål med tilskotsordninga
Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø. Prosjekta skal gje auka kunnskap om utfordringar og tiltak, effektive verkemiddel for næringa, god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgiving til næringa innan felta klimagassutslepp, klimatilpassing og vassmiljø
Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:
- At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald
- Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass
- Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane
Kven kan søkje?
Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:
- Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
- Fag- eller næringsorganisasjonar mv.
- Andre føretak
For å kunne søkje må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.
Søknad må vere loggført i Altinn innan 15. mai 2021
Prioriteringar for 2021
Statsforvaltaren ynskjer i 2021 fokus på følgjande områder
- Avrenning frå landbruksjord og bruk av fangdammar
- Landbruksplast, og nye ordningar for innsamling
- Kunnskap kring klimaeffektane av regrøfting på oppdyrka myr
- Søknadsfrist:
- 15. mai 2021 23:59
- Målgruppe:
- Landbruksrådgivinga, Fag- eller næringsorganisasjoner, Andre kompetanse- og forskningsmiljø
- Ansvarlig:
- Statsforvaltaren
Kontaktpersoner
-
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07 / 91 88 32 36