Utlysing av tilskot til regionalt Klima- og miljøprogram

Søknadsfrist:
15. november 2023 23:59
Målgruppe:
Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar), Fag - og næringsorganisasjonar mv. eller andre føretak.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren

Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise klima- og miljøtiltak og har att ei ramme for 2023 på kr 132 000,- som no lysast ut på nytt. Det kan løyvast inntil 70 % tilskot av godkjent kostnadsoverslag.

Søknadsfrist 15. november 2023

Publisert 12.10.2023

Formål med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø. Prosjekta skal gje auka kunnskap om utfordringar og tiltak, effektive verkemiddel for næringa, god kunnskapsoverføring frå forsking til praktisk jordbruk og oppdatert rådgjeving til næringa innan felta klimagassutslepp, klimatilpassing og vassmiljø.

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

· At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald

· Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass

· Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ivareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

· Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)

· Fag- eller næringsorganisasjonar mv.

· Andre føretak

For å kunne søkje må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Søknad må vere loggført i Altinn med innlogging via ID-porten, innan 15. november 2023

Prioriteringar for 2023

Vi prioriterer prosjekt som styrker klimavenleg driftspraksis og kunnskap om klimautfordringar i jordbruket. Statsforvaltaren vil i 2023 prioritere søknader med fokus på følgjande område:

· Vassmiljø/avrenning frå landbruksjord, t.d. fangdammar

· Kunnskap om vassmiljø og presisjonsutstyr for redusert avrenning/optimalisering av gjødsling/sprøyting

· Kunnskap kring ivaretaking/omsyn til naturmangfald og kulturminne

Søkjar må også legge fram korleis dei planlegg å nå ut med resultatet, samt gje faglege råd til næring/forvaltning.

Søknadsfrist:
15. november 2023 23:59
Målgruppe:
Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar), Fag - og næringsorganisasjonar mv. eller andre føretak.
Ansvarlig:
Statsforvaltaren