Tilskot til trua artar

Søknadsfrist:
15. januar 2024
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Ansvarlig:
Marita Fjelle og Edvard Emblem Lund
Hvem kan søke:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.

Tilskotsordning for å ta vare på prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde, og arter som er klassifiserte som trua på Norsk raudliste for arter.

Publisert 04.01.2024

Trua arter er arter som i Norsk raudliste for arter 2021 klassifiserast som trua, dvs. som er i ein av følgjande tre kategoriar: Kritisk trua (CR), sterkt trua (EN) eller sårbar (VU).

Naturmangfaldlova opnar for å gi trua arter ei særskilt sikring ved at dei får status som prioriterte arter.

Per november 2023 er følgjande 14 arter blitt prioritert etter naturmangfaldlova: 

  • Pattedyr: fjellrev
  • Fuglar: dverggås* og svarthalespove (den nordlege underarten)*
  • Insekt: elvesandjeger*, eremitt og klippeblåvinge*
  • Karplanter: dragehode, honningblom, rød skogfrue*, svartkurle, skredmjelt* og dvergålegras
  • Mosar: Trøndertorvmose*
  • Lav: Elfenbenslav*

Tiltak som kan få tilskot er:

  • Skjøtsel og vedlikehald
  • Biotopforbetrande tiltak
  • Konkrete tiltak for einskildarter, som til dømes flytting av individ, reintroduksjon og innsamling av frø
  • Tilpassa bruk på areal som inngår i drifta på landbruksføretak
  • Gjerding
  • Kartlegging og overvaking knytt til tiltak

Tilskotsordninga omfattar også tiltak som bidrar til å ta vare på økologiske funksjonsområde for prioriterte arter. Artene over merket med * er prioritert art med økologisk funksjonsområde.

Det kan også bli gitt tilskot til tiltak for å hindre at hubro døyr som følgje av at dei bruker straumstolpar som sitteplass. Det er primært eigarar av straumnett som kan få slike tilskot.

I tillegg til tiltak i felt, kan det bli gitt tilskot til nødvendig utstyr og informasjon om artene.

Skatt

Vi gjer oppmerksam på at tilskot som vederlag for eigen arbeidsinnsats er å anse som skattepliktig inntekt, jf. skattelova § 5-10. Dersom du søkjer som privatperson vil den delen av tilskotet som gjeld eigen arbeidsinnsats bli utbetalt som skattepliktig lønn. Dersom du søkjer som næringsdrivande må denne delen av tilskotet førast inn i næringsoppgåva. Tilskot til dekning av dokumenterte utgifter i tilknyting til arbeidet er skattefritt, jf. skattelova § 5-11.

Kven kan søkje:

Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.

Kor skal søknaden sendast og krav til innhald i søknaden

Søknad om tilskot sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Søknaden skal adresserast til Statsforvaltaren i det fylket søknaden gjeld. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden. Søknaden skal beskrive korleis tiltaka skal gjennomførast.

Søknadsfrist:

15. januar 2024

Søknadsfrist:
15. januar 2024
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.
Ansvarlig:
Marita Fjelle og Edvard Emblem Lund
Hvem kan søke:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar.