Skattemeldinga for verjer
Statsforvaltaren ønsker å informere om følgande vedrørande skattemeldinga til verje:
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kor skal frådrag for verjegodtgjeringa skrivast inn i skattemeldinga, når det er personen med verje sjølv som utbetaler godtgjeringa?
Svar:
Skattemeldinga er delt inn i tema. Under temaet kostnadar og frådrag knytt til arbeid og andre inntekter, ligg «Dine kostnadar». Klikk «Endre» og «Legg til fleire opplysingar».
Trykk «Verjegodtgjering» i nedtrekkmenyen og legg inn beløp til frådrag. Verjegodtgjeringa visast i endra skattemelding som «andre frådrag» og kjem som eit tillegg til minstefrådraget.
![Foto: Skjermdump fra Skatteetaten.no.](/contentassets/f41a635cef364a8aa9f826b9a44e0572/skattemelding-bilde-2.jpg)
Kor finns ei utskriftsvennleg utgåve av skattemeldinga som rekneskapspliktige verjer kan sende til Statsforvaltaren som ein del av verjerekneskapet?
Svar:
Alle skattepliktige vil få tilgang til den ordinære skattemeldinga i PDF-format i Altinn etter en gitt dato som Skatteetaten kunngjer. I Altinn kan både førehandsutfylt og korrigert skattemelding hentast ut og leverast som ein del av verjerekneskapet.
![Foto: Skjermdump fra Skatteetaten.no.](/contentassets/f41a635cef364a8aa9f826b9a44e0572/skattemelding-bilde-1.png)