Fylkesmannen foreslår vern av Lofotodden nasjonalpark
Fylkesmannen i Nordland har sendt tilråding om vern av Lofotodden nasjonalpark til Miljødirektoratet. Tilrådinga omfattar eit område på 104 km2 i Moskenes og Flakstad kommunar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den foreslåtte nasjonalparken omfattar eit større naturområde på Moskenesøya med nasjonal verdi. Det særprega og unike landskapet er det som først og fremst kjenneteiknar området. Landskapet er prega av smale, høge tinderekker omgitt av opne havområder og djupe fjordar. Området har også store verdiar knytta til naturtypar som kulturmarkseng, boreal hei og sanddyner. Langs yttersida av Lofotodden er det fleire viktige hekkeområder for sjøfugl. Lofotodden har også ei lang kulturhistorie med spor etter busetjing heilt tilbake til steinalderen.
Dokumenta som er sendt til Miljødirektoratet finn de under. Kopi av tilrådinga vil sendast ut til alle som har gitt innspel under høyringa av verneplanen.
Tilråding om vern av Lofotodden nasjonalpark