Statsforvaltaren i Rogaland opprettar eige ungdomspanel
Våren 2023 skal panelet vera på plass. Det blir ei fast ordning der eit utval ungdommar skal hjelpa med råd, erfaringar og innspel i arbeidet vårt.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Barn og unge er eit tverrfagleg satsingsområde hos Statsforvaltaren i Rogaland. Ungdomspanelet blir er ein viktig del av dette, seier statsforvaltar Bent Høie.
Nyordninga blei lansert i dag, under Berekraftsveka 2022, som er ei omfattande rekke interne og eksterne arrangement i regi av Statsforvaltaren i Rogaland. FNs berekraftsmål er rettesnora for dette årlege arrangementet.
Unge skal involverast i saker som gjeld dei sjølv
Ungdomspanelet skal gi innspel til Statsforvaltaren sitt arbeid. Det bidrar med råd og erfaringar i saker som gjeld dei.
– Dei fleste sakene som Statsforvaltaren i Rogaland behandlar har betydning for ungdom. Me møter ungdom på det mest sårbare når dei får hjelp av helsetenestene eller barnevernet. Arealplanane og korleis vi tar vare på natur og miljø handlar om framtida deira. Derfor ønsker me å komma i direkte dialog med ungdommen – og lytta til synspunkta deira, seier statsforvaltar Bent Høie.
Panelet er altså ei fast ordning, og skal bestå av åtte–ti ungdommar i aldersgruppa 13–19 år.
Skal sikra brei representasjon
Kommunane, Rogaland fylkeskommune og ungdomsråda i Helse Stavanger og Helse Fonna er inviterte til å foreslå kandidatar. Det er også Landsforeningen for barnevernsbarn.
Det skal sikrast brei representasjon både med tanke på alder, geografi, kjønn og interesser.
Det blir lagt opp til at panelet møtest to til tre gonger årleg på ettermiddagstid i Statens hus i Stavanger.