Felles retning for barnehagar mot 2030
Regjeringa ønskjer at fleire barn skal gå i barnehage. Samtidig vil dei auka kvaliteten på innhaldet i barnehagen. Regjeringa sin barnehagestrategi fram mot 2030 er kalla «Barnehagen for ei ny tid» og legg grunnlaget for at barnehagesektoren blir utvikla i ei felles retning fram mot 2030.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa vil med denne strategien bidra til at barn i heile Noreg skal få moglegheit til å ta del i barnehagefellesskapet og ha tilgang til eit likeverdig barnehagetilbod av høg kvalitet.
Noreg skal vera eit land utan store sosiale og geografiske forskjellar.
Regjeringa vil nedkjempa ulikskap ved å investera meir i den perioden av livet som legg grunnlaget for utvikling, utdanning og danning.
Betre kvalitet i barnehagen vil bidra til å gi barna gode barnehagedagar og betre føresetnader seinare i livet, og er dermed ei god investering for framtida.
Regjeringa vil at 60 prosent av dei tilsette skal vere barnehagelærarar og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar innan 2030. Strategien fordrar å halde barnehageprisen låg, og dessutan sikre at pengane som vert brukte på barnehage går til barna.
Prioriteringar fram mot 2030
- alle som arbeider i barnehage, skal ha god og relevant kompetanse
- alle barnehagar skal ha god leiing
- barnehagane skal ha nok tilsette for å sikra barna eit godt pedagogisk tilbod
- alle barnehagar skal jobba systematisk med kvalitetsutvikling
- alle barn skal ha eit trygt og godt barnehagemiljø