Hjertesone - trygg skoleveg ved skolestart

Hjertesone handlar om å få flest mogleg til å gå og sykle trygt til skolen, og skape eit bilfritt miljø rundt skolen. Målet er sikre skolevegar, betre helse og miljø. 

 

Publisert 07.08.2017

Bak initiativet står Trygg Trafikk, Politiet, Statens vegvesen, Helsedirektoratet, Foreldreutvalget for grunnopplæringa, Miljøagentane og Syklistenes Landsforening. 

Ekstra fokus ved skolestart

I august er det skolestart for tusenvis av små og store. Trygg Trafikk ønskjer at fleire barn skal gå og sykle på sikrare skolevegar. Skal vi klare det må heile landet stille til ein felles dugnad! 

Gjer barna trygge i trafikken

Barn og unge skal ferdast trygt både på veg til skole, barnehage og fritidsaktivitetar, som passasjerar, som syklistar og som fotgjengarar i trafikken. Når tusenvis av barn og unge skal tilbake på skolen etter ein lang sommarferie, må alle vise ekstra omsyn i trafikken. Særleg er førsteklassingane uerfarne i trafikken og kan vere lite synlige. Trygg Trafikk oppmodar derfor til å følgje barna til skolen. Barn treng bevegelse, frisk luft og erfaringar som syklistar og fotgjengarar for å bli trygge trafikantar. Den treninga får dei ikkje i baksetet på ein bil.

Politiet vil ha kontrollar

Politiet er ein av aktørane som støtter dugnaden, og dei vil stå klare når skolane åpner etter sommarferien. I tida før, under og etter skolestart har politiet kontroll av fart, rus og sikring av barn i bil.

Slik lagar ein Hjertesone rundt skolen 

  • Marker eit område rundt skolen. Dette området er Hjertesone og skal vere bilfritt før, under og etter skolen.
  • Finn trygge og oversiktlege av - og  påstigningstader for barn som må kjøyrast. Desse stadene skal vere utanfor Hjertesonen
  • Elevar må oppmodast til å gå eller sykle til skolen
  • Foreldre, skole og elevar bør samarbeide om prosjekt Hjertesone

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.