Kva gjer PP-tenesta?
PP-tenesta skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskild tilrettelegging i sitt læringsarbeid.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målet er at alle får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skolar med å leggje til rette for barn og elevar med særskilde behov.
Oppgåver
PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Både dei system- og individretta oppgåvene skal ivaretakast før tenesta utfører andre oppgåver som til dømes å bistå i skolemiljøsaker.
Særskilde behov
Døme på særskilde behov kan vere:
- språk- og talevanskar
- konsentrasjonsvanskar
- sosiale- og emosjonelle vanskar
- atferdsvanskar
- syn- og hørselsvanskar
- generelle lærevanskar eller fagvanskar
- lese- og skrivevanskar
- matematikkvanskar
- nonverbale lærevanskar
Barnehagelova og opplæringslova definerer ikkje kva særskilde behov som kvalifiserar til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Det er ikkje avgjerande med diagnose og det må vurderast i kvart tilfelle kva som er behovet.