Bruk av alternative opplæringsarenaer i grunnskolen
Opplæringslova har ei snever opning for at skoleeigar kan bruke andre opplæringsarenaer enn skolen sitt område. Nokre kriterier må vere på plass.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Alternativ opplæringsarena
Ein alternativ opplæringsarena er kjenneteikna ved at delar av, eller heile opplæringa går føre seg på ein annan stad enn på skolen sitt område.
I særlege tilfelle kan elevar ha manglande tilfredsstillande utbytte, trass omfattande spesialundervisning på nærskolen. Nokre gonger ser PPT det som nødvendig overfor eleven, å ta i bruk alternativ opplæringsarena. Eleven kan slik få ei opplæring som samla sett gir eit forsvarleg opplæringstilbod.
Det er omsynet til eleven, ikkje omsynet til skolen eller kommunen, som er avgjerande for bruk av alternativ opplæringsarena.
Opplæringslova
Opplæringslova har ei snever opning for at skuleeigar kan bruke andre opplæringsarenaer enn skolebygget. Mellom anna må
- PPT tilrå at spesialundervisninga blir gitt på ein alternativ arena
- eleven ha eit enkeltvedtak om rett til spesialundervisning
- enkeltvedtaket fastsette bruk av alternativ opplæringsarena
- opplæringa vere i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK2020)/ elevens individuelle opplæringsplan (IOP)
Elevar som får heile eller deler av opplæringa si på ein alternativ opplæringsarena har også rett til
• forsvarleg tilsyn , jf. forskrift til opplæringslova § 12-1.
• eit trygt og godt skolemiljø, jf. opplæringslova kapittel 9A.
• ordensreglementet som gjeld på skolen, jf. opplæringslova § 2-9.
• individuell vurdering , jf. forskrift til opplæringslova § 3-1.
• samarbeid med heimen , jf. opplæringslova § 1-1, § 13-3d og § 3-9.
• skyss. Retten til skyss gjeld frå heimen og ikkje frå skolen, jf. § 7-1 første ledd i opplæringslova.
• ulukkesforsikring , jf. opplæringslova § 13-3b og kapittel 8 i forskrift til opplæringslova.
Korleis er bruken av alternative opplæringsarenaer i Rogaland
Talet for kor mange elevar som får opplæring på alternativ opplæringsarena, har auka gjennom dei siste åra. Dette gjeld både i Rogaland, og for heile landet (GSI tal). Skoleåret 2022/2023 får 204 elevar opplæring på ein alternativ opplæringsarena i Rogaland. 161 gutar og 43 jenter.
13 av 23 kommunar i Rogaland melder i GSI at dei bruker alternative opplæringsarenaer for enkeltelevar i grunnskolen skoleåret 2022/2023.
Tilsyn med alternative opplæringsarenaer
Bruk av alternativ opplæringsarena utgjer ein del av vår risikovurdering når vi vel ut kommunar for tilsyn.
Meir informasjon
Se Udirs Veilederen spesialundervisning punkt 2.9
Statsforvaltaren har skrive meir utfyllande om temaet i dette dokumentet.