Risikovurdering
Når vi vurderer kva kommune vi skal føre tilsyn med, gjer vi ei risikovurdering av kommunen. Vi samlar informasjon frå ulike nasjonale register, ser på kva type informasjon kommunen har tilgjengeleg på sine nettsider og samlar informasjon frå klagebehandling. I tillegg kan vi ha fått anna informasjon om kommunen sin praksis. Vi vurderer om det er sannsynleg at det skjer brot på regelverket og kor alvorlege konsekvensar det kan ha om kommunen ikkje fylgjer regelverket.
Ulike typar tilsyn
Utdanningsdirektoratet (Udir) og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) vel tema for felles nasjonalt tilsyn og utarbeider tilsynsinstruksar som viser korleis felles nasjonale tilsyn skal utførast.
Statsforvaltaren kan på bakgrunn av risikovurdering ha tilsyn på område der vi vurderer at det er høg risiko for brot på regelverket. I eigeninitierte tilsyn lagar vi vårt eige tilsynsopplegg og tilpassar tilsynet til den kjennskapen vi har til barnehage, skole og kommune. Slike tilsyn vil ofte bli gjennomførte på bakgrunn av konkrete hendingar.
Korleis gjennomfører vi tilsyn?
Eit tilsyn kan være skriftleg eller stadleg. I skriftlege tilsyn etterspør vi dokumentasjon på kommunen eller fylkeskommunen sin praksis på området vi fører tilsyn med. I stadlege tilsyn vil vi i tillegg gjennomføre intervju.
Gangen i eit tilsyn vil vere:
- Etter samordning med andre tilsynsorgan får kommunen brev og tilsynet blir registrert i den statlege tilsynskalenderen
- Vi sender eit opningsbrev til kommunen eller fylkeskommunen der vi ber om å få tilsendt dokumentasjon og avtalar intervju
- Vi hentar inn meir informasjon frå ulike nasjonale register og frå kommunen sin nettstad.
- Vi går igjennom dokumentasjon og gjennomfører eventuelle intervju.
- Ved behov ber vi om meir informasjon frå kommunen.
- Vi utarbeidar ein førebels rapport og sender denne til kommunen. Kommunen kan kommentere funn og pålegg om rettingar. Rapporten er eit offentleg dokument.
- Vi vurderer kommunen sine innspel og utarbeidar endeleg tilsynsrapport med pålegg om rettingar. Denne tilsynsrapporten blir publisert i tilsynskalenderen.
Ansvar i tilsynsarbeidet
Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for tilsyn i barnehagar og skular. Statsforvaltaren fører tilsyn med kommunar og fylkeskommunen som barnehage- og skoleeigar. På barnehageområdet kan Statsforvaltaren også føre tilsyn med kommunen som barnehagemynde. Kommunen har ansvar for at både kommunale og private barnehagar fylgjer regelverket.
Utdanningsdirektoratet har tilsynsansvar for friskular og ansvar for å føre økonomisk tilsyn med private barnehagar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har overordna ansvar for tilsyn med introduksjonsprogrammet. Statsforvaltaren fører tilsyn med kommunar sitt tilbod til deltakarar i introduksjonsprogrammet.
Reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for Statsforvaltaren si tilsynsverksemd.