Ny integreringslov gjeldande frå 01.01.2021
Den nye lova har tilsvarande verkeområde som introduksjonslova men med viktige endringar både for fylkeskommunar, kommunar og deltakarar i introduksjonsprogram.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 04.11.2020
Dei viktigaste endringane er mellom anna:
- Differensiering av programtida for deltakarar i introduksjonsprogrammet. Programmet kan vare frå tre månader opp til fire år alt etter kva utdanning og kompetanse deltakaren har frå før.
- Personar som underviser i norsk etter integreringslova skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
- Alle innvandrarar med rett og plikt til introduksjonsprogram skal få kartlagd kompetansen sin og få karriererettleiing.
- Dei som er under 25 år og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring skal få slik opplæring som ein del av introduksjonsprogrammet.
- Kravet til å gjennomføre eit visst tal på timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap blir erstatta med krav om å nå eit kompetansenivå.
- Fylkeskommunen får mellom anna ansvar for å tilrå kor mange flyktningar som bør bli busett i kommunane innan eige fylke. Fylka må lage planar for kvalifisering av innvandrarar og sørge for eit tilbod om karriererettleiing.
For meir informasjon om heile integreringslova sjå lenka på lovdata; https://lovdata.no/dokument/ISL/isl/2020-10-20-3?q=integreringsloven
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har sett saman ein fagverkstad i 6 delar som tar føre seg ulike delar av introduksjonsordning. Denne kan vere til god hjelp for deg som arbeider i kommune og fylkeskommune med ordninga; https://www.imdi.no/introduksjonsprogram/fagverksted/