Kronprinsens SIKT-konferanse blir arrangert i Stavanger
PRESSEINFO: Kronprinsen har invitert unge leiarar og talent til Universitetet i Stavanger 22. og 23. oktober og SIKT-konferansen 2018. Temaet i år er endring.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Årets konferanse er den sjette i rekka og skjer i samarbeid med mellom andre Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Universitetet i Stavanger.
200 deltakarar frå heile landet
Dei om lag 200 deltakarane er i alderen 20 til 40 år og kjem frå heile Norge. Dei representerer næringslivet, offentleg sektor, organisasjonslivet, kultur, idrett, media og akademia.
Konferansen startar måndag ettermiddag med fellessamling og middag. Tysdag er det offisiell opning på Universitetet i Stavanger med Kronprinsen, ordførar Christine Sagen Helgø og UiS-rektor Marit Boyesen.
Dagen held fram med foredrag og workshop der deltakarane skal undersøka kva stadig endring gjer med oss som individ, som medlemmer av bedrifter og organisasjonar, og samfunnet me er ein del av.
Akkreditering
Presse som ønsker å vera til stades på opninga og foredraga tysdagen, må søka om akkreditering.