Søknad om godkjenning av utanlandsk skilsmisse
Fylkesmannen handsamar søknader om godkjenning av utanlandske skilsmisser og separasjonar. Dette er først og fremst aktuelt i samband med inngåing av nytt ekteskap. I slike tilfelle blir det kravt godkjenning frå Fylkesmannen for at folkeregistret skal kunne skrive ut prøvingsattest.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Hovudregelen er at ei skilsmisse eller ein separasjon som er gjeve i utlandet med bindande verknad der, er gyldig òg i Noreg, dersom den eine parten anten budde eller var statsborgar i det aktuelle landet.
Søknader om godkjenning av utanlandske skilsmisser og separasjonar blir gjeve høg prioritet hos Fylkesmannen. Dette gjeld særleg der godkjenning av skilsmisse er naudsynt for å inngå nytt ekteskap i Noreg. Rask avgjerd føreset likevel at naudsynt dokumentasjon kan leggjast fram.
Krav til dokumentasjon er som følgjer:
- Originalt skilsmissedokument eller ein bekrefta kopi. Ubekrefta kopiar eller kopi av bekrefta kopi blir ikkje godteke. Det er eit ufråvikelig vilkår at avgjerda er endeleg/rettskraftig.
- Skilsmissedokumentet må vere påført apostille eventuelt legalisering.
- Skilsmissedokumentet må vere omsett til engelsk eller norsk av autorisert translatør.
Søknad om fritak for å legitimere skifte
Det vil vere naudsynt å søkja om fritak for å legitimere skifte dersom skilsmisseavgjerda er under to år. Skifte betyr deling av ektefellane si felles formue. Det vil likevel ikkje vere naudsynt å søkja om fritak for å legitimere skifte, dersom det kan leggas fram:
- Dokumentasjon på at skifte er gjort eller
- Fråsegn frå tidlegare ektefelle eller arvingar på at skifte er gjennomført, eller at det ikkje var noko å skite.
Kontaktinformasjon
Telefonnummer:
51568700
Telefontid:
mandag, onsdag og torsdag
12:30-14:00
Handsamingstid:
8 -12 veker