Håndbok i alkoholloven er oppdatert
Helsedirektoratet lanserer i desse dagar nye helsedirektoratet.no.
Håndbok i alkoholloven – rundskriv IS-5/2008 er digitalisert og oppdatert under nemninga Alkoholloven med kommentarer og Alkoholforskriften med kommentarer. Desse versjonane erstattar tidlegare merknader i Håndbok i alkoholloven – rundskriv IS-5/2008 som blir oppheva. Helsedirektoratet anbefaler alle landets kommunar og fylkesmenn å ta i bruk dei nye og digitale merknadane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Den nye kommentarutgåva inneheld nye og oppdaterte merknadar til alkohollova og alkoholforskriftas føresegner som er endra frå 2015-2018. For føresegner som ikkje har vore gjenstand for endringar sidan 2008, er merknadene frå Håndbok i alkoholloven – rundskriv IS-5/2008 foreløpig vidareført i den nye kommentarutgåva.
Helsedirektoratet fortset arbeidet med å revidera merknader frå 2008 på resterande føresegner og vil fortløpande publisera desse. Samtidig vil det i perioden fram til sommaren bli gjort tekniske forbetringar og feilrettingar av den nye plattforma.