Statsborgarseremonien 2023: Her ser du bileta

Statsforvaltar Bent Høie i  lag med to nye statsborgarar i Rogaland.
Foto: John Gunnar Skien / Statsforvaltaren i Rogaland.

Statsborgarar frå 17 rogalandskommunar feira statsborgarskapet sitt i Kuppelhallen i Stavanger i dag. Her finn du bileta. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.06.2023

Rundt 250 festklare statsborgarar var påmelde til årets statsborgarseremoni. Med venner og familie blei det rundt 600 deltakarar i Kuppelhallen i Stavanger. 

Det var ikkje berre familie og venner som stilte. Ordførarane frå kommunane med påmelde statsborgarar deltok også.

Statsforvaltar Bent Høie leia seremonien, og stortingsrepresentant Hadia Tajik var årets hovudtalar.

Her finn du bileta frå arrangementet

Bileta frå Statsborgarseremonien 2023 er på plass her seinast måndag 5. juni. Alle bileta blei tekne av: Ivar Langvik, Statsforvaltaren i Rogaland.

Takk til alle som kom og gjorde dette til ein flott dag!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner