Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginnteksfamiliar (tidlegare «Nasjonal tilskuddsordning mot barnefattigdom») 2019
Målet med Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosial situasjon.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskotsordninga er eitt av fleire tiltak i regjeringa sin strategi for å nå målet til regjeringa om at alle barn, uavhengig av foreldra sin økonomi, skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar vil kunne søkje om tilskot etter denne ordninga.
For at frivillige organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar skal kunne søkje om stønad, må kommunen stadfeste at dei vil kunngjere ordninga lokalt og vurdere og prioritere søknader tilknytte kommunen. Kommunen må også velje ein kontaktperson for tilskotsordninga og sørgje for ein knutepunktfunksjon. Kommunen skal stadfeste dette i eige skjema. Fristen for å sende inn er 9. november 2018.
I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 er det sett av 291 millionar kroner til ordninga.
Søknadsfrist for tilskotsåret 2019 er 10.desember.
Les meir om ordninga på nettsida til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)https://bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barn_og_ungdom/lavinntekt/