Janne Dahle-Melhus blir ny fylkeslege
Dahle-Melhus er i dag kommuneoverlege i Sola og smittevernoverlege i Stavanger. 1. august er ho på plass som ny fylkeslege og avdelingsdirektør hos Fylkesmannen i Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dette er ein fylkeslege som kjenner den nye arbeidsplassen sin. Frå 2007 til 2011 var ho tilsett som assisterande fylkeslege hos Fylkesmannen i Rogaland. Sidan har ho vore bedriftslege i Exxon Mobil, men kjem til Fylkesmannen frå ein delt jobbkvardag der ho har vore både kommuneoverlege i Sola kommune og smittevernoverlege i Stavanger kommune.
Startar 1. august
Pål Iden gav seg som fylkeslege og avdelingsdirektør for helse-, sosial- og barnevernavdelinga i vinter og melde overgang til Helse Vest. Etter dette har Åshild Vistnes van der Veen og Roman Benz vore konstituerte som høvesvis avdelingsdirektør og fylkeslege. Dahle-Melhus tiltrer jobben 1. august, og det ser 37-åringen fram til. Ho ønskjer å bidra til å sikra trygge tenester for alle, men særleg dei som ikkje har dei sterkaste stemmene.
Kjenner avdelinga
– Eg kjenner både avdelinga, oppgåvene og medarbeidarane. Fylkesmannen er ein viktig premissleverandør i den vidare utviklinga av helse-, omsorgs- og barneverntenestene i Rogaland. Dette har eg svært lyst å medverka til, seier den komande fylkeslegen.