Fleire skal få eiga eigen bustad
Stortinget har vedtatt å auka Husbankens låneramme med 5 milliardar kroner. Det betyr at Husbanken har ei ramme på totalt 21 milliardar kroner i år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Målet er å hjelpa fleire til å eiga eigen bustad i ein vanskeleg økonomisk situasjon. I tillegg kan auken bidra til å halda hjula i gang i bustadmarknaden under koronakrisa.
Startlån gjennom Husbanken
– Koronakrisen har ført til at mange er permitterte eller har mista jobben sin, og det er grunn til å frykta at fleire kan få problem på bustadmarknaden. Derfor vil regjeringa legga til rette for at fleire kan få startlån til å kjøpa seg sin eigen bustad gjennom Husbanken, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H).
Dette bidrar også til kommunale utleigebustader blir frigjorte til andre vanskelegstilte.
Oppfordrar kommunane til å senda søknad
– Eg håper at kommunane nå sender søknadene sine til Husbanken, slik at pengane kan komme raskt ut til dei som har behov for dei, seier Astrup.
Ekstraløyvinga kan også bidra til auka aktivitet i byggenæringa ved at prosjekt som elles ikkje hadde fått lån frå Husbanken, nå kan få søknaden innvilga. Dette gjeld lån til bustadkvalitet og studentbustader.
Kontaktpersoner
Fakta om Husbanken
- Husbanken har hatt ei låneramme på 16 milliardar kroner i 2020 som nå blir auka til 21 milliardar kroner.
- Startlån er eit sentralt verkemiddel. Kommunane utbetalte 10,5 milliardar kroner i 2019. Det er ny rekord.
- Husbanken har tildelt kommunane 11,4 milliardar kroner i startlån så langt i 2020.