Ny rettleiar om korleis kommunar kan måle effekt og resultat av lokale tiltak i Leve hele livet- reforma
Det er utarbeida rettleiar som forklarer om prosessen i å følgje med på, og følgje opp resultat og effekt av lokale tiltak. Materiellet skal vera til inspirasjon. Det er Statsforvaltaren i Trøndelag som har utarbeida materiellet etter oppdrag frå Helsedirektoratet.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 31.08.2022
Med Leve hele livet-reforma ønskjer ein å skape eit aldersvenleg samfunn og finne innovative løysingar innan områda aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp og samanheng i tenestene.
Ved å bruke rettleiingsmateriellet kan ein følgje med på resultat og effekt av tiltaka. Ein vil finne ut om det er behov for justeringar og setje inn andre tiltak.
Rettleiaren finn du på Ressursportal.no
Kontaktpersoner
-
Bjørg Odland
Tlf: 51 56 88 74