Meldeplikt for kommunen når ei gravid rusavhengig kvinne blir tvangsplassert i helseinstitusjon
Kommunen pliktar frå 1. januar 2018 å melda frå til barnevernstenesta når ei gravid rusmiddelavhengig kvinne blir tvangsplassert på helseinstitusjon. Meldinga gir barnevernstenesta anledning til å opna undersøking utan den gravide kvinna sitt samtykke.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 17.01.2018
Føremålet med meldinga
Føremålet med meldeplikta er at barnevernstenesta kan komma i kontakt med kvinna og etablera eit samarbeid på eit tidleg tidspunkt, for å gi betre vern til barn som er utsett for mors rusmiddelbruk under svangerskapet.
Kva skal stå i meldinga?
Meldinga frå kommunen skal innehalde opplysningar om kvinna si identitet, forventa termin, kvar ho er innlagd, og om rusavhengigheita kan vera til skade for det ufødde barnet.