Rettleiing om rusmiddeltesting i helsevesenet
Denne artikkelen omtalar medisinske urinprøver som vert teke for å avdekka, kartleggja eller overvaka rusmiddelmisbruk i samband med eit behandlingslaup, noko som til dømes ofte vert nytta under innleggingar på sjukehus.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Medisinske prøvar
Ei prøve vert rekna som medisinsk, ikkje sanksjonær, sjølv om eit positivt svar kan medføra ei endring som blir opplevd som negativ for pasienten, eksempelvis nekt av permisjon frå helseinstitusjon. Medisinske prøver vert òg brukt i LAR og ved vurdering av helsekrav for førarkort og våpen.
Prosedyrar
Helsedirektoratet har publisert heftet «Prosedyrer for rusmiddeltesting» (IS-2231) som skildrar kvalitetskrav som vert stilt til rusmiddeltesting for at denne skal vere fagleg forsvarleg. Lenkje til heftet finn du i høgremenyen.
Regelverk
Rusmiddeltesting reiser mange rettslege og etiske problemstillingar som ikkje vert omtalt i heftet frå Helsedirektoratet. Vi ynskjer difor å belyse dette nærare i denne artikkelen.
Psykisk helsevernloven § 4-7a seier:
Ved mistanke om at en pasient misbruker rusmidler, kan pasienten etter begjæring fra den faglig ansvarlige gi samtykke til at det kan tas urinprøver for å avdekke rusmiddelmisbruk i forbindelse med et behandlingsforløp. Slik begjæring kan bare fremsettes dersom dette fremstår som strengt nødvendig av hensyn til helsehjelpen. Begrunnelsen for begjæringen om slikt samtykke og selve samtykket skal nedtegnes i et dokument som undertegnes av pasienten og den faglig ansvarlige.
Ved mistanke om at en pasient under tvungen observasjon eller tvungent psykisk helsevern misbruker rusmidler, kan den faglig ansvarlige treffe vedtak om at det kan tas urinprøver for å avdekke rusmiddelmisbruk i forbindelse med et behandlingsforløp. Slikt vedtak kan bare treffes såfremt dette fremstår som strengt nødvendig av hensyn til helsehjelpen. Vedtaket kan påklages av pasienten eller av pasientens nærmeste pårørende til kontrollkommisjonen.
Tolkning
Brevet til helsedirektoratet til Sjukehuset Buskerud HF av 12.06 .2008 og Rundskriv IS-9/2012 belyser korleis avgjerda skal forståast. Lenkjer finnar du i høgremenyen.
Her er ein kort samanfatning:
Det er eit vilkår for å kunna ta ein slik urinprøve om at han er strengt naudsynt av omsyn til helsehjelpa. Dette er ytterlegare presisert i phvl § 4-2 ved at restriksjonar og tvang skal innskrenkast til det strengt naudsynte, og at det berre kan nyttast tiltak som gjev ein så gunstig effekt at det klårt oppvegar ulempene med tiltaket. Dette inneber at det ikkje er tilgjenge til rutinemessig å be om urinprøve av pasientar i det psykiske helsevernet, eller å setja samtykke til urinprøvetaking som vilkår for utgang eller andre gode ved institusjonen.
Oftast vil ein god klinisk undersøking, saman med samtale med pasienten om i kva grad vedkomande rusar seg kunne redusere naudsynet for urinprøvetaking.
Dokumentajon
Eventuell begjæring etter første ledd og samtykket til pasienten skal skrivast ned i eit dokument som vert underteikna av pasienten og fagleg ansvarleg. Dokumentet skal innehalda grunngjeving for tiltaket og inngå i pasientjournalen. Det same gjeld for vedtak etter anna ledd.