Vurdering av samtykkekompetanse
Samtykkekompetanse er det same som retten til å anten samtykke til eller nekte helsehjelp. I helselovgjevinga er det mange stader krav om å vurdera samtykkekompetansen. Det er ikkje lett å prove at pasienten ikkje har samtykkekompetanse.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Samtykkekompetansevurdering skal vere ei "her og no"-vurdering for den konkrete helsehjelpa som skal bli gitt. Vurderinga inkluderer bruk av skjønn og etikk og vil krevje tid til refleksjon og diskusjon, blant anna for å oppnå likebehandling og for å avgrensa bruken av tvang. Avgjerda i kvar enkelt sak kan med fordel bli kvalitetssikra ved diskusjon i tverrfaglege team.
Hjelpespørsmål
Nedanfor følgjer døme på aktuelle spørsmål som kan vera til hjelp ved vurdering av samtykkekompetansen til pasienten. Pasienten må prøve å svara på spørsmåla meir utdjupande enn med ja eller nei.
Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å forstå helsetilstanden sin
- Kva plager har du no?
- Kva trur du er årsaka til desse plagene?
- Kva tenkjer du om situasjonen din eller problemet ditt?
- Kva tenkjer du vi kan hjelpe deg med?
Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å forstå det aktuelle forslaget om helsehjelp
- Kva for helsehjelp er det vi har gjeve deg tilbod om?
- Kvifor trur du vi har tilrådd denne helsehjelpa for deg?
- Trur du denne helsehjelpa er den beste for deg? Kvifor eller kvifor ikkje?
- Kva tenkjer du om sannsynet for at helsehjelpa vil vere til nytte?
- Kva er sannsynet for at du kan få biverknadar eller anna ulempe?
- Kva trur du eigenleg vil skje med deg viss du seier ja til helsehjelpa? Viss du seier nei?
- Kva trur du vil skje med deg viss ikkje noko vert gjort?
Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å resonnera med sitt eige verdisyn rundt dei faktiske tilhøve
- Kva for faktorar/tema er mest viktig for deg når du skal vurdere om du skal ta imot helsehjelpa?
- Kva tenkjer du er fordelane ved å ta imot helsehjelpa?
- Kva tenkjer du er ulempene ved å ta imot helsehjelpa?
- Kva tenkjer du er fordelane ved å nekte helsehjelpa?
- Kva tenkjer du er ulempene ved å nekte helsehjelpa?
- Stolar du på dei som skal gje denne helsehjelpa? Kvifor eller kvifor ikkje?
- Kva trur du vil skje med deg no?
Spørsmål for å vurdera pasienten si evne til å uttrykkja eit val
- Du har fått mykje informasjon om tilstanden din. Kva meiner du er den beste helsehjelpa for deg akkurat no?
- Har du avgjort kva for helsehjelp som er best for deg akkurat no?
- Vi har diskutert fleire ulike alternativ, kva ynskjer du å gjera?
Døme på sjukelege førestillingar
Her er nokre døme på sjukelege førestillingar som direkte påverkar evna til å kunna gje samtykke til helsehjelpa:
- sjukeleg førestilling om at helsehjelpa er direkte skadeleg
- sjukeleg førestilling om at "nokon andre" er motstandar av helsehjelpa
- sjukeleg førestilling om at helsepersonellet som skal gje helsehjelpa vil pasienten vondt eller er ein del av ein konspirasjon (paranoia retta mot helsevesenet)
Misforståingar
Det er mange misforståingar knytt til å vurdera samtykkekompetansen til pasientar, til dømes:
- "pasientar som ikkje følgjer legen sitt råd har redusert samtykkekompetanse"
- "pasientar som er tvangsinnlagde eller er demente manglar samtykkekompetanse"
- "når samtykkekompetanse manglar, så manglar han for alle avgjerder om helsehjelp"
- "mangel på samtykkekompetanse er permanent"
- "alle som er psykotiske/har diagnosen schizofreni manglar samtykkekompetanse"
Det er viktig at helsepersonell ser at til slike "kjappe konklusjonar" og misforståingar ikkje får påverka vurdering av samtykkekompetanse.